Publisert 16.04.2009 av Henning Dyb
Ein av fire(!) Austnes-brør på trening forrige tysdag. Nest yngst, nest råast. Ruben er ein av dei som ikkje legg skjul på at poeng for takling er kjekkare enn å score mål. Denne haldninga kombinerer han utruleg nok med ein humørspredande entusiasme og godt humør. Imponerande. Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Ruben Elias Austnes, Severin Dyb Alnes, Haakon Aarøe, Ørjan Dyb, Øyvind Akerø, Aleksander Godø Alnes, Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes
Publisert 13.03.2009 av Henning Dyb
Denne leitebakkingen er nok ein solid utfordrar til venstrabackplassen. Mindre interessant er det kanskje at han har like mange namn som han har søstre. Fornamnet derimot deler han med fleire og blir difor gjerne Snorre på trening. Viking eller skald, spør du? Tida får vise. Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Øyvind SM Godø, Severin Dyb Alnes, Haakon Aarøe, Ørjan Dyb, Øyvind Akerø, Aleksander Godø Alnes, Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes
Publisert 06.03.2009 av Henning Dyb
Vårt unge, lovande stoppartalent er vel kanskje ein av dei få i troppen som gliste stort då han såg dei nye draktene i fjor (raude drakter med kvite ermer). Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Ørjan Dyb, Øyvind Akerø, Aleksander Godø Alnes, Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes
Publisert 03.03.2009 av Henning Dyb
Goalkeepers are a different breed, blir det sagt og det kan vere mykje sant i det. Sisteskansen vår er i alle fall i ei klasse for seg, både på den eine og andre måten - mest på den eine eigentleg. Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Øyvind Akerø, Aleksander Godø Alnes, Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes
Publisert 03.03.2009 av Henning Dyb
Det er få i troppen med buerfaring frå begge sider av fjellet, men med Alejandro har vi i alle fall ein som kan sørge for at også alnesdelen av publikum er stabilt høg. Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Aleksander Godø Alnes, Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes.
Publisert 01.03.2009 av Henning Dyb
Den einaste trønderen i troppen står for tur, og overraskingane står i kø! Verken karsk eller Åge Aleksandersen er nemnd, så det betyr kanskje at den einaste rosenborgimporten så langt allereie er akklimatisert? Resten av portretta finn du i menyen til venstre. Følgjande er lagt ut hittil: Ivar Sandneseng, Trond Edvard Brynestad, Ruben Dyb, Rolf Hansen og Svein-Arve Alnes.
Eldre artiklar

2009 -
Tett på: Ruben Dyb (27.02.2009 av Henning Dyb)