Publisert 08.10.2008 av Svein Arve Alnes
Sesongen er ferdig og Godøy har gjort alle forhåndstips til skamme! Laget som "ekspertane" tippa på nedrykksplass, har gjort en svært god sesong og endte til slutt på 5.plass, forbigått av Volda i siste runde. Kampen i dag endte til slutt 6-0 til eit godt Hødd2-lag. Laget har svært mange gode unge spelarar som er både kjappe og gode med ballen. Fråveret av Øyvind Akerø gjorde at Ruben Austnes sporty takka ja til å stå i mål. Ruben har kome som ei rakett den siste tida, spesielt på trening har ungguten vist kva som bur i han og fekk fortjent starte førre kamp på sentral midtbane. Men denne gongen vart det altså som keeper.
Publisert 03.10.2008 av Svein Arve Alnes
Godøy tapte fortjent 3-1 mot Volda no i helga. Pga at underteiknande var ute å reiste i helga så blir det ein redusert kamprapport. Limer inn referatet frå Voldasupporter.com.
Publisert 24.09.2008 av Svein Arve Alnes
Årets første 0-0 kamp for Godøy vart i går eit faktum. Mykje slurvete spel frå begge lag prega heile kampen. I første omgang hadde Godøy ein del gode sjansar, men mål vart det ikkje. Bakover hadde vi full kontroll på eit svært tamt offensivt Langevåglag. I andreomgang satte Langevåg opp tempoet litt, og satte eit bunnsolid Godøyforsvar under press. Øyvind Akerø hadde fleire gode redningar og holdt oss inne i kampen. Siste delen av omgangen hadde Godøy nokre sjansar til å åpne scoringsballet. Spesielt Trond Brynestad sin sjanse burde han ha satt. Kunstgraset i Langevåg var vanskelig å spele god fotball på. Ballen skaut fart pga det våte underlaget og mange av førsteberøringane var mislykka av begge lag. Vi vart overraska over at underlaget ikkje var ein fordel for heimelaget, da dei sleit med dei same elementære tinga som oss. Alt i alt eit rettferdig 0-0 resultat. Det gjer at vi klatra opp på ein flott 4.plass på tabellen og som gjer at vi er den 5 beste klubben på Sunnmøre, bak Aafk, Hødd, SIF og Brattvåg. (Hødd og Hødd2 er 1 klubb, det same er Aafk og Aafk2). Og 11. beste klubben i Møre og Romsdal fylke:) Det er vi nøgde med, sidan vi kjem frå ei øy med berre 1200 innbyggjarar.
Publisert 19.09.2008 av Henning Dyb
Godøy slo Sykkylven med overbevisande 4-0. Dermed skal det mykje til for at bortelaget skal spele 3.divisjon neste år. Etter ein ok førsteomgang vart kampen punktert da Godøy gjekk opp til 2-0 et stykke ut i 2.omgang. Da gjekk lufta ut av FKS-ballongen og Godøy scora to mål til. Dermed 4-0 og ein klar heimesiger.
Publisert 09.09.2008 av Svein Arve Alnes
Godøy spelte 1-1 mot nedrykkstruga Spjelkavik i går. Svein-Arve Alnes førte gjestane i leiinga i 1.omgang etter eit velplassert skot frå rundt 25 meter. Vika scora sitt 5 min før slutt. Godøy beheld dermed 5.plassen på tabellen, iallefall fram til måndag.
Publisert 04.09.2008 av Svein Arve Alnes
Kampen mot eit nedrykkstruga Blindheimlag endte tilslutt 2-2. Men kampen starta bra for Godøy. Allereie etter 2 minutt scora Trond Brynestad på ei heading. Men to lettkjøpte mål, og ei Erik Dyb scoring gjorde at laga kunne gå til pause med to mål kvar.
2.omgang var prega av mykje duellar og enda fleire feilpasningar frå begge lag. Blindheim fekk og eit feilaktig dømt straffespark, men rettferdigheita seira og Øyvind Akerø redda meisterleg. Begge lag hadde sine sjanser til å avgjere, men på ei tung bane vart det poengdeling.
Eldre artiklar

2008 -
Godøy vann thriller!!!! (28.08.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Sterk bortesiger (21.08.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Brattvåg møtte Veggen! (15.08.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Godøy - Aafk2 4-1 (09.08.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Siger mot eit av topplaga. (03.07.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Godøy - Hødd2 (26.06.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Overtidsdrama i Volda (19.06.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Nesten for Godøy (12.06.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Sykkylven - Godøy: Klink B!! (05.06.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Årets første siger!!!! (29.05.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Viktig kamp mot Blindheim (22.05.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
2-2 mot Valder (14.05.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Poengdeling på Godøy Stadion (06.05.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
God kamp tross tap (03.05.2008 av Svein Arve Alnes)

2008 -
Godøy møtte overmakten. (28.04.2008 av A-laget A-laget)

2008 -
Knepent tap i serieåpning (19.04.2008 av A-laget A-laget)