GODØY IL

Idrettslaget sitt eget diskusjonsforum

B-statistikk

B-statistikk

Postby Nils-Ove » 22 May 2009, 20:31

http://www.stoebakk.com/bstat09.pdf - sist oppdatert 22. mai.

Sat og leika mej med Excel i natt og mekka til litt statistikk for B-laget. Planen e å oppdatere ette kvart, so he oss oversikt over både speletid, kort og mål.

Alle merka med raudt e den antatte B-stallen, 18 mann per dags dato. Mikal sin status e vel litt uklar i og med at han e med litt på A-laget også, men oss fær sjå ettekvart ka kvote han skal gå på.

Oppsummering ette fire seriekampa:
- Trond og Henning toppscorera med tre mål kvar
- Stian "versting" med raudt kort borte mot Lepsøy
- Marcus (!) og Trond Olav (!) mest stygtspelende av godøyingane hittil
- Nils-Ove suverent mest effektiv med ett mål på seks minutt

He ikkje tatt med overtid i minuttberegningane mine, so skal vel egentlig ver nokken minutt ekstra på dei fleste. Men he ikkje notert overtid i referata hittil, so då gjer oss det berre slik.
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 01 Jun 2009, 21:44

http://www.stoebakk.com/bstat09.pdf - sist oppdatert 1. juni.

Oppsummering etter serierunde 5:
- Trond toppscorar med fem mål.
- Trond (420) og Henning (367) har gått forbi Øystein (360) på minuttstatistikken.
- Fredrik har sesongdebutert og har med sine 55 minutt (keeper/spiss) allereie vore meir på bana enn både Nils-Ove (16), Ronny (36), Deo (42), Andreas (45), Aleksander (54).
- Nils-Ove suverent mest effektiv med eitt mål kvart sekstande minutt!
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 07 Jun 2009, 02:22

http://www.stoebakk.com/bstat09.pdf - sist oppdatert 7. juni.

Oppsummering etter serierunde 6:
- Heile sju B-debutantar mot Ellingsøy. Idar og Junior frå Vigra, Ruben og Daniel frå A-laget, Anders, Øyvind og Kay Amund frå B-laget.
- Trond (510 minutt) har spelt mest hittil, så kjem Henning (454), Øystein (360), Frank (347), Mark (307) og Christian (305).
- Anders (27 minutt) og Øyvind (28) er dei to med færrast minutt på bana hittil, så kjem Nils-Ove (30), Deo (42), Andreas (45), Ronny (50) og Aleksander (54).
- Berre Henning og Trond har vore med alle seks kampane. Kai Henrik, Mark og Christian har fem av seks.
- Totalt har 37 mann vore i aksjon i enten gul (borte mot Lepsøy) eller raud drakt.
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 16 Jun 2009, 22:51

http://www.stoebakk.com/bstat09.pdf - sist oppdatert 16. juni.

Oppsummering etter serierunde 7:
- Tre nye B-debutantar mot Brattvåg 2: Øyvind Akerø, Lars Kristian Austnes og Bjarne Sandøy.
- Totalt har 40 mann vore i aksjon i enten gul (borte mot Lepsøy) eller raud drakt.
- Berre Henning har vore med i alle sju kampane. Christian, Mark, Kai Henrik og Trond har seks kampar kvar og kjem truleg til å passere unge Dyb etter kvart - sidan han reiser til Bergen i haust.
- Henning har også flest speleminutt (531), så kjem Trond (510), Frank (437), Christian (365), Øystein (360), Ruben A (346), Mark (345), Kai Henrik (340) og Marcus (328).
- Christian er den fjerde i stallen som har fått gult kort. Stian fekk også gult borte mot Lepsøy, men dette tel ikkje sidan han etter kvart fekk to gule - noko som til saman blir raudt.
- Både Mark og Ronny scora sine første mål for sesongen mot Brattvåg 2, dermed har vi sju målscorarar hittil. Vi har totalt tolv mål på sju kampar - sju av måla kom mot Giske...
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 10 Sep 2009, 02:18

http://www.godoyil.no/dokument/filarkiv/4/bstat09.pdf - sist oppdatert 10. september.

Oppsummering etter serierunde 10:
- I løpet av dei tre første haustkampane har følgjande sju debutert på B-laget: Dagfinn Godø, Iver Valkvæ, Martin Fjelltun Dyb, Eirik Sperre, Karl Martin Giske, Anders Molnes og Bengt Øhlen.
- Totalt har dermed 47 mann vore i aksjon i enten gul (borte mot Lepsøy) eller raud drakt.
- Ingen har vore med i alle ti kampane. Trond har mest med ni, så kjem Christian, Kai Henrik og Ronny med åtte. Henning og Simon har sju kvar.
- Trond har flest speleminutt (769), så kjem Øystein (540), Henning (531), Frank (517), Christian (486), Kai Henrik (455) og Stig (405).
- Trond er toppscorar med sju mål, dei neste på lista er Øyvind og Henning med tre. Ni mann har ei scoring kvar, i tillegg til eit sjølvmål (borte mot HaNo).
- Vi har totalt 23 mål på 10 kampar. 15 av måla kom i dei to kampane mot Giske...
- Nils-Ove er ikkje lenger den mest effektive på laget. Han har no ei scoring kvart 98. minutt, Bengt scorar kvart 90. minutt, Øyvind scorar kvart 69. minutt. Statistisk sett.
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 22 Sep 2009, 23:14

http://www.godoyil.no/dokument/filarkiv/4/bstat09.pdf - sist oppdatert 23. september.

Oppsummering etter serierunde 12:
- Sidan sist har Adrian Dyb, Karl Johan Godø, Kristoffer Valkvæ og Mathias Remmen debutert på B-laget.
- Totalt har dermed 51 mann vore i aksjon i enten gul (borte mot Lepsøy) eller raud drakt.
- Trond har flest kampar med elleve, så kjem Ronny med ti og Simon og Kai Henrik med ni.
- Trond er toppscorar med ti mål, så har Øyvind og Henning tre kvar. Anders har to og er med det mest effektiv med eitt mål per 65 minutt.
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 05 Oct 2009, 01:20

http://www.godoyil.no/dokument/filarkiv/4/bstat09.pdf - sist oppdatert 4. oktober.

Oppsummering etter siste serierunde:

- Severin kom heim frå sjøen og debuterte mot Brattvåg 2, dermed var totalt 52 mann i aksjon for B-laget i 2009! 12 frå Vigra og 40 frå Godøy. Nokon betre på Sunnmøre? Eller Norge, for den del?

- Trond og Ronny var med i flest kampar, 12 av 14. Kai Henrik var med 11 gongar, Nils-Ove og Simon stoppa på 10.

- 12 mann deltok i ein kamp, mellom anna fekk både Daniel Vartdal, Øyvind Akerø, Adrian Dyb og Idar Molnes smake på femtedivisjonsfotball denne sesongen.

- Trond var på bana i totalt 1029 minutt. Neste mann på minuttlista er Kai Henrik med 725, så kjem Øystein (608), Ronny (571), Simon (532) og Henning (531). Tilleggsminutt er ikkje tatt med, så maksimalt kunne nokon fått 1260 minutt på 14 kampar.

- Spelaren med færrast minutt er Andreas, som var med 45 minutt som midtstoppar i aller første heimekampen mot HaNo. Stig Rune (60), Karl Martin (61), Amund (65), Idar (78) og Anders Dybvik (82) har heller ikkje fått så veldig mange speleminutt for B-laget i år.

- Trond vart toppscorar med ti mål. Øyvind Skarset stoppa på fire, Henning scora tre. Simon, Kai Henrik, Bengt og Anders Molnes fann nettmaskane to gongar kvar, sju spelarar scora ein gong kvar. I tillegg kom det eit sjølvmål (HaNo borte), dermed scora vi totalt 33 mål.

- Den mest effektive spelaren i 2009 vart til slutt Anders Molnes, med to mål på 130 minutt. Med andre ord mål kvart 65. minutt. Deretter kjem Øyvind Skarset, med fire mål på 388 minutt. Med andre ord scoring kvart 97. minutt. Så kjem Trond (10/1029), som scora kvart 103. minutt.
Bengt (2/270) scora kvart 135. minutt, Kristoffer og Lars Kristian (1/160) scora kvart 160. minutt.

- Bakover vart det til slutt 63 mål. Nils-Ove har suverent dårlegast keeper-statistikk med 12 baklengs på ein kamp, "heime" mot Ellingsøy. Øyvind Akerø slapp unna med to mål heime mot Brattvåg 2. Øystein var keeper i 8 av 14 fjorten kampar og måtte hente ut ein god del ballar, men borte mot Giske haldt vi nesten nullen - då scora dei blå og kvite berre ein gong på Øystein.

- Årets råtass: Trond Valkvæ, med eitt gult og eitt raudt kort. Også Stian Roald fekk raudt kort, i tillegg fekk åtte andre spelarar gult kort. Dermed endte vi opp med ni gule og to raude kort.
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya

Re: B-statistikk

Postby grohl » 05 Oct 2009, 15:29

Det e oss gamlekarane so he best kondis, berre sjå på antal speleminutt!! hehe
Flag Crew - GODØYVEGGEN FOR ALLTID!!!
User avatar
grohl
Bamseklapper Spesial
Bamseklapper Spesial
 
Posts: 505
Joined: 27 May 2004, 13:16
Location: GODØYA

Re: B-statistikk

Postby Nils-Ove » 05 Oct 2009, 21:54

Simon og gamlingane ;)
Godøy, Couzins og Tottenham - enkelt og greit!
User avatar
Nils-Ove
Entusiastisk bamseklapper
 
Posts: 1020
Joined: 25 May 2004, 20:30
Location: Godøya


Return to B-laget

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest

cron