The Very Ninth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

Andreas Godø

19. november 2025

Det blir sjølvsagt i år og; Verdas Breiaste Breiddesjakkturnering

Sett av dagen, det blir romjuslssjakk i Godøyhallen i år og.  Moro venter garantert på alle som melder seg på.  Og nokre blir overraska av ein pokal.


Vi starter med oppsummeringa:

27.desember, som alltid.

I Godøyhallen, som alltid.

Spelerane bør vere på plass 15.00, litt tidlegare enn enkelte gongar før.


Informasjon vil bli lagt ut litt etter litt.  Gamle kjente vil ikkje bli overraska.  Nyfikne treng ikkje vere redde.


Påmelding:

Påmeldinga skjer via vipps.  Etter 10 år uendra startkontingent endrer vi den til meir sjakkmessig korrekte prisar. 

64,- for barn/ungdom (fødde i 2005 og seinare), 128,- for vaksen/veteran (fødde i 2004 og før).  Alt overskudd går til ungdomsskuleelevane som samler pengar til klassetur.

Vipps pengane til 410 47 365, legg ved navn, fødselår og heimstad.


Oppdatering påmelding:

Nederst er det full oversikt over dei påmeldte.  I fjor var vi 86 deltakarar, noko som er tidenes høgaste tall.  Utan å vite heilt kvifor ønsker vi alltid å sette ny rekord.  Alle er i alle fall veldig velkomne, så får vi heller tenke oss om dersom vi nærmer oss tresifra.

Per no er det følgende påmelding:

1 barn

5 ungdommar

1 vaksne

8 veteranar

Totalt 15


Sportslig ramme:

Kvar spelar har 12 minutt per parti. Ingen tilleggstid per trekk.

Det blir høgst sannsynlig 9 parti per spelar (som alltid).

Alle kan møte alle, men basert på Monrad -systemet vil du fort møte dei som har gjort det omtrent like godt som deg.

Det er delt inn i 4 aldersklasser, men dei blir kun brukt til premiering. Nok ein gong: Alle kan møte alle!

Barn: Fødde i 2015 og seinare

Ungdom: Fødde 2005-2014

Vaksen: Fødde 1985-2004

Veteran: Fødde i 1984 og før


Premiering:

Det vil bli delt ut pokal til dei 3 best plasserte i kvar aldersklasse.

I tillegg har vi dei to vandrepokalane våre, der vi har våre eigne kriterier for å hindre at nokon skal måtte ha den på hylla år etter år.  Vi er trass alt ei breiddesjakkturnering.


Vandrepokalen:

Denne pokalen går til spelaren som gjer det best i turneringa. Men med tilleggsregelen at ingen kan vinne den meir enn ein gong. Dermed er det meir korrekt å seie at den går til "den spelaren som ikkje har vunne pokalen før som gjer det best i årets turnering". Dermed er det no 8 navn på pokalen.  Desse kan ikkje vinne den i år, det er det ein av oss andre som gjer.


Dei tidlegare vinnerane:

1st: Adel Garebagi Fard

2nd: Rafael Tirado Gonzalez

3rd: Åge Dyb Hagerup

4th: Mathias Unneland

5th: Aasmund Godø

6th: Andreas Skrede Hausken

7th: Aleksander Skrede Hausken

8th: Sergei Zhuravlev


Maratonvandrepokalen

Denne pokalen kaller vi "belønning for lang og tro tjeneste", den går til den som har flest poeng samanlagt alle gongane dei har delteke. Også denne pokalen kan ein kun vinne ein gong. Det er 3 krav til å vinne denne pokalen:

- Ein må ikkje ha vunne den før

- Ein må delta i årets turnering

- Ein må ha flest poeng av dei som tilfredsstiller krava over

(Og er det fortsatt likt går pokalen til den som gjer det best i år)


Det er 7 navn på denne pokalen:

1st-2nd: Adel Garebagi Fard

1st-3rd: Mathias Unneland

1st-4th: Andreas Skrede Hausken

1st-5th: Per Arne Skrede

1st-6th: Nils Håkon Delphin

1st-7th: Aleksander Skrede Hausken

1st-8th: Andreas Rørvik Godø


Dersom alle stiller er det 6 kandidatar til å ta den med seg heim i år:

Kasper Mannsverk (39 poeng så langt), Matteo Mannsverk (36,5), Webjørn Mannsverk (36,5), Eldar Godø (34), Johannes Godø (32,5) & Åge Dyb Hagerup (30).  Fleire ligg hakk i hel, så her er det berre å posisjonere seg for framtidig suksess.


Arrangørar:

Den lokale sjakkgeriljaen som står bak i år og. Vi har som våre einaste interesser å få til eit flott arrangement og å delta sjølve. Men det er sjølvsagt uunværlige støttespelarar som må nevnast:

- Aalesunds Schaklag, som låner oss brett, klokker og turneringssystem. Ingen turnering utan dei.

- Godøy IL, leige av hall, lån av heimeside og generelt stor velvilje.

- 9.klasse ved Giske Ungdomsskule, årets tekniske arrangør, som står for alt arbeid underveis og tar med seg overskuddet som vel fortjent belønning.


Tidlegare resultat:

Resultat er spennende greier.  Og sidan dette er ei dønn seriøs breiddeturnering, så finn du alle dei tidlegare resultata på resultatservice.  Til glede og gru kan du mimre om dine gode og svarte stunder.

The Very Eight Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Seventh Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Sixth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Fifth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Fourth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Third Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Second Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very First Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge



Påmeldte:

1.Kasper Mannsverk, 1980, Valderøya, 9de deltaking, nr.7 på maratontabellen, 39.0 poeng

2.Andreas Rørvik Godø, 1974, Godøya, 8de, 6/40.5

3.Erlend Nicolai Sæther, 1979, Valderøya, 6tte, 21/25.0

4.Johan Rørvik Godø, 2009, Godøya, 7de, 34/17.0

5.Webjørn Mannsverk, 1977, Godøya, 9de, 9/36.5

6.Brian Aleksander Farstad, 2008, Vatne, 6tte, 20/25.0

7.Anton Øie Farstad, 2017, Vatne, 3dje, 76/8.0

8.Øyvind Farstad, 1983, Vatne, 6tte, 13/29.5

9.Hans Magne Rørvik Godø, 2005, Godøya, 7de, 17/28.0

10.Johannes Godø, 1988, Valderøya, 8de, 11/32.5

11.Karl Oskar Farstad, 1981, Godøya, 2dre, 115/5.0

12.Oskar Farstad, 2014, Godøya, 3dje, 214/1.5

13.Mikal Farstad, 2010, Godøya. 3dje, 104/5.5

14.Angel Madrigal Santamaria, 1975, Valderøya, 7de, 14/29.5

15.Jan Arve Valderhaug, 1974, Valderøya, 5te, 32/17.5

16.

17.

18.

19.

20.

21.

22.

23.

24.

25.

26.

27.

28.

29.

30.

31.

32.

...


Av Joakim Giske 5. april 2025
Godøy IL A-lag avslutter samarbeidet med Giske IL og stiller igjen lag alene. Klubben har en stabil spillertropp og ser positivt på fremtiden, takket være god utvikling av unge spillere og tilgang på nye spillere. Sesongstart er 23. april på Godøy stadion. Klubben takker Giske IL for det verdifulle samarbeidet.
Av Kjetil Nyvoll 11. juni 2024
Godøy IL har vedtatt ny lovnorm
Av Kjetil Nyvoll 7. november 2023
Årets klubblotteri ble trukket på 60 års festen den 21. Oktober.
Av Martin Ingjerd 21. oktober 2023
 60 års feiringa har starta med aktivitetsdag i Godøyhallen