MENY

Andreas Godø
Ny trenar for a-laget

Ny trenar for a-laget

sign_a_lag_24

Vi kan med glede melde at Jesper Norgren har takka ja til å trene A-laget til Godøy i 2024! Dei er dermed i trygge hender, og vi ser for oss at vi vil fortsette lagbygginga og framgangen vi har sett utover i sesongen som vi nettopp avslutta.


Jesper er ikkje heilt ny som Godøy-trener. Han har trent lag i aldersbestemt før. I året som gjekk har han trent G16 og vore med i trenarteamet rundt a-laget. Dei to laga har samarbeida relativt tett, så han kjenner godt til både spelerane og utviklinga gjennom sesongen 2023. Eit godt utgangspunkt for fortsettelsen.


Bakgrunnen til Jesper inkluderer erfaring som både trener og speler, både i Sverige og Norge. På relativt høgt nivå, med ei seriøs tilnærming. Han er opptatt av å lære vekk både det individuelle og relasjonelle, noko vi har sett gjennom årets sesong med G16. Han møter spelerane og laget der dei er, og tar dei stødige skritt vidare derifrå. Dei som ønsker å lære får ein god trener i Jesper!

-ARG

By Kjetil Nyvoll 09 Apr, 2024
Handledag på Rongve
By Andreas Godø 18 Mar, 2024
Referat frå forrige årsmøte, i forkant av det neste. 
By Kjetil Nyvoll 04 Mar, 2024
Grasrottrener del 1 blir avholdt den 13 og 14 April på Myrtun
VIS FLERE →
Share by: